No hate. No violence
Races? Only one Human race
United We Stand, Divided We Fall
Radio Islam
Know Your enemy!
No time to waste. Act now!
Tomorrow it will be too late

English

Franç.

Deutsch

عربي

Sven.

Español

Portug.

Italiano

Русск.

бълг.

Hrvat.

Češt.

Dansk

Suomi

Magyar

Neder.

Norsk

Polski

Rom.

Srpski

Slov.

Indon.

فارسی

Türkçe

日本語

汉语



Baronen og geita

Av Israel Shamir



Dei jødiske soldatane og offiserane som no nektar å delta i undertrykkinga at palestinarane er gode folk. Men eg er redd for at dette vil bli brukt til å skapa gode kjensler hjå støttespelarane til Israel, til å legitimera apartheidstrukturen.

Strålande som alltid kom våren til Palestina. Det er ei vidunderleg tid når dei bleike mandelblomane lyser opp fjelldalane og graset er uvanleg grønt (snart vil det bli gulsvidd av sola). Himmelen er bleikblå, utan det stikkande kvasse sommarljoset, og tunge, kvite sauer søkjer oppover i lendet. Vårens skapar ser ut til å vera likesæl med kva menneska gjer, eller Han veit betre.

I den sekstande månaden av intifadaen gjer rutinemessige israelske raid inn i dei sjølvstyrte områda det tydeleg korleis den palestinske kvasistaten er ein juridisk fiksjon. Vener av Palestina var redde for at dei autonome områda ville bli arabiske bantustanar i Stor-Israel. Vi kan ta det med ro: Sjølvstyret har ikkje ført til bantustanar. Dei sjølvstyrte områda har vorte store viltreservat. Sharon og turistministeren hans, settlaren Beni Elon trur kanskje dei vil dra turistar til Israel, i staden for Sør-Afrika og Kenya.

Edward Herman i Znet (www.zmag.org/sustainers/content/2002-02/11herman.cfm) skreiv om å forstå ”den endelege løysinga” for palestinarane etter same mønster som den tyske ”endelege løysinga” for jødar. Den same tanken har streifa den israelske hæren. Generalane våre lærer av korleis tyskarane slo ned ghettooppreisten i Warsawa, rapporterte Haaretz (27. januar 2002). Dei har vorte oppmuntra av dei ekstremt låge tapstala Wehrmacht hadde i 1943, og vonar dei kan gjenta suksessen om og når dei knuser det som er att av dei sjølvstyrte områda.

Militærnekting

På hi sida dukkar det opp fleire nye teikn på sivil ulydnad, og israelske offiserar nektar å vera med og gjennomføra den ”endelege løysinga”. Eg reiste til demonstrasjonen ved Tel Aviv Museum, og fann mange kjekke unge menn og kvinner som stod saman med dei gamle fredsforkjemparane. Det var verkelege fredsvener, utan hermeteikn. Dei applauderte ein bodskap frå Arafat, og stødde offiserane som nektar ordre. ”Peace Now”, ei Arbeidarpartidominert rørsle, var ikkje med, dei er ukomfortable med all ordrenekt i hæren. Det er aldri enkelt å nekta ordre, sjølv om den israelske hæren er nokså tolerant når det gjeld usemje. Opprørarane vil i verste fall bli fråtekne kommandostillingane, og vil ikkje bli stilt for krigsrett. Når dei nektar å gjera teneste i dei palestinske områda, er det eit tilbakeslag for den israelske krigsmaskina, sjølv om hundrevis av andre soldatar og offiserar seier dei står klare til å fylla dei tome plassane på sjekkpostar eller i snikskyttarreir. Desse offiserane har teke eit viktig første steg ved å halda seg unna vonde gjerningar.

Den lokale vekeavisa Ha-Ir trykte korte (mindre enn hundre ord til kvar) forklaringar frå soldatane på kvifor dei hadde valt å ikkje følgja ordre. Det er sterk lesnad, full av historier om mishandling ved kontrollpostar, tortur og utsvelting av palestinarar. Barnedrap, eit særdrag ved den jødiske staten, er eit tema som går att i denne oppramsinga av grusame historier. I eldre tid hevda antisemittane at jødane drap kristne born. Denne avskyelege og blodige myten har vorte knust og øydelagt i Israel. Vi drep liksågodt muslimske ungar som kristne, utan fordomar. Sjølv Ami Ayalon, den tøffe, senete, skalla og samvitslause ekssjefen for den frykta statlege tryggjingstenesten, undra seg høglydt over kvifor så få israelske soldatar nekta å drepa born.

Eiga interesse

Eg er ein liten tanke mindre entusiastisk enn eg burde vera, sidan israelarar har ei fantastisk evne til å bruka protest i sin eigen interesse. Etter massakrane i Sabra og Shatila var det ein gigantdemonstrasjon der fleire hundre tusen deltok. Men han vart brukt til å gje israelarane gode kjensler. Det tok sytten år til før tortursenteret al Hiyam vart stengt og okkupasjonen av sør-Libanon var over. Sharon, slaktaren frå Sabra og Shatila, vart valt til statsminister. Det er stor fåre for at den modige handlinga til offiserane vil bli brukt til å byggja opp gode kjensler mellom støttespelarane til Israel, i staden for å endra ting. Så kva no, Israel og Palestina? Kva blir det neste?

Sharon kan freista gå vidare med den endelege løysinga, og skapa eit palestinarfritt Palestina. Til no har han vona at palestinarane ville flykta frå dei fryktelege levetilhøva. Velståande folk og folk med gode kontaktar flyttar i påvente av betre dagar. Men jødane reiser mykje snøggare. Unge israelarar flyttar utanlands for å studera, og kjem ikkje tilbake. Ein talentfull musikar, Adi Schmidt, sonen til ein av venene mine, annonserte at han fór for godt og heldt avskjedskonsert i Tel Aviv. Shekel har byrja falla fritt, investeringane har turka ut. Det er difor denne regjeringa er tvunge til å ta modige steg.

Borgarkrig?

Dei ville elska å provosera fram ein borgarkrig mellom palestinarane. Meir press i samband med ein eller annan aksjon frå militsane, møte med nokre av ministrane i den palestinske sjølvstyresmakta, krav om arrestasjonar og overgjeving av aktivistar – til saman skulle dette føra dit. Men nokså uventa storma ikkje palestinarane mot sjølvøydeleggjing. Sharon har ikkje hatt lukka med seg så langt, men har framleis middel til å provosera palestinarane og naboane til Israel, og reinsa landet for goyimar i kjølvatnet av provokasjonen. Han kan bryta seg inn i al-Aqsa-moskeen, det nydelege komplekset bygt av umajadekalifane i det sjuande hundreåret. Her ligg den nakne nerva i Palestina. I 1996 opna Bibi Netanyahu ein tunnel nær moskeen. 96 vart drepne. Sharons provokasjon mot moskeen for 16 månader sidan sette igang intifadaen. Nyleg fekk Sharon ei nyttig tilråding frå Shabak om å opna moskeen for bedande jødar.

Under normale tilhøve har ikkje-muslimar lov til å vitja al-Aqsa. Dei breie skuggefulle plassane, den vidunderlege harmonien til Qubbet as-Sahra, klippedomen, dei romslege skipa i hovudbygninga til moskeen gjer det til ein perfekt stad for ein avslappande rusletur med kvile og ettertanke. Millionar av turistar, og titals millionar av truande brukte koma dit. Men den israelske regjeringa har lenge hindra muslimar frå å koma til staden der Profeten, fred vere med han, bad saman med andre profetar. Ein muslim frå Jerusalem må vera over førti år for å koma gjennom politikontrollane på veg til bøn. Ein muslim frå Gaza eller Ramallah kan ikkje dra dit for å be i det heile. Leiarane for moskeen ynskjer ikkje å sjå framande i heimen når deira eigne søner ikkje får lov til å koma.

Delar av grunnen til moskeen er alt konfiskert av jødane. På den breie plassen framfor vestmuren låg eingong eit pittoresk Mughrabina-bulag. Det høyrde til moskeen, men etter at Israel erobra Jerusalem i 1967 vart det rive. Nokre av innbyggjarane er gravlagde i ruinane, så stor hast hadde erobrarane med å få vekk det palestinske nærværet. Vestmuren ligg òg på grunnen til moskeen. I følgje eldgamal tradisjon, stadfest av britiske styresmakter, høyrer muren til moskeen, medan jødane har rett til å be der. Etter 1967 vart han konfiskert saman med sørmuren.

Kong Herodes

Den jødiske, nasjonalistiske høgrefløya ønskjer byggja eit jødisk tempel på ruinane til moskeen. Dei trur høgda har magiske kvalitetar, og om jødane tok over ville det jødiske overtaket over den kristne og muslimske verda for alltid stå fast. Det jødiske tempelet vil også skygga ut den heilage grava. For desse er det å ta over moskeen ikkje berre eit middel til å provosera fram meir vald, men eit mål i seg sjølv.

Dei deler denne overtydinga med dei ”kristne sionistane”, ei amerikansk religiøs gruppe som i praksis fornektar det nye testamentet, forkastar nattverden og jomfrua og trur på jødane som eit utvald folk. Dei kristne sionistane meiner det er deira plikt å hjelpa jødane med å få i gang den store krigen. Sidan framvoksteren av ei slik sekt i endetida vart profetert av kyrkjefedrane, kallar motstandarane dei for ”Kyrkja til Antikrist”. Den amerikanske presidenten George W. Bush og nokre av rådgjevarane han står svært nær denne kyrkja av ”armageddon-drøymarar”. Dei vil leggja press på jødane og truga naboane til Israel, Iran og Irak, med atomåtak medan Israel tek over moskeane. Om overtakinga skjer fredeleg, vil namnet til Sharon stå jamsides med kong Herodes, som bygde det førre jødiske tempelet. Blir det mykje uro, vil Sharon kunna drepa og utvisa palestinarane. Om overtakinga fører til storkrig vil Armageddon-drøymarane bli fornøgde.

Oslo-strategien

Det finst ein parallell plan for dei utan stjerner i augo. Nøkterne, men trugne sionistar såg på valet av Sharon som eit naudsynt steg for å realisera Oslo-strategien. Palestinarane avslo framlegget frå Barak om ein ”uavhengig palestinsk stat” – ei rekke med bantustanar utan at flyktningane kan venda heim, utan Jerusalem, utan eigne grenser og utan von. Sidan har dei lidd mykje, og mista mange av sine beste menn og kvinner.

Eit jødisk eventyr fortel om ein mann som kjende seg elendig i det lille og trongbudde huset sitt. Rabbien hans rådde han til å ta med seg geita inn. Ei veke etter kom mannen tilbake i tårer, sidan det no hadde vorte umogleg å røra seg i huset. Rabbien gav han lov til å fjerna geita, og han vart ein fornøgd og glad borgar.

Sharon er geita i denne fabelen. Når han blir fjerna, vil jødiske media i USA lovprisa humanismen vår. Europearane vil velsigna oss for å vera imøtekomande. Dei kjekke karane som nekta å gjera teneste i dei okkuperte områda vil bli heltar. Plassen til den blodtørstige Sharon vil bli teke av den ikkje mindre blodtørstige forsvarsministeren Fuad Ben Eliezer, eller av Avrum Burg, andremannen i Arbeidarpartiet. Hæren vil dra seg ut av Nablus og Ramallah. Glade palestinarar vil godta Osloplanen etter Barak si tolking – minus erklæringa om at konflikten er slutt. Dei vil venda tilbake til enklavane, til den langsomme kvelinga i Barak si tid. Dei vil måtta gløyma jorda og husa som vart teke frå dei, al- Aqsamoskeen og Jerusalem.

Den jødiske lobbyen

Den israelske høgresida og deira allierte i AIPAC vil hevda det er eit amerikansk svik, på line med ordren til general Eisenhower i 1956. Det vil bli stadfesta at den amerikanske regjeringa er uavhengig av den jødiske lobbyen. Dei vonde hendingane under intifadaen og slutten på han vil bli presentert som det gode sin siger over det vonde. Ingen vil nemna at dei sionistiske gode og dei sionistiske vonde sat kring det same bordet og planla dette saman. Men for ein objektiv observatør må tolkinga vera annleis. For n-te gong vart det palestinske offeret sendt frå den vonde politimannen til den gode etter mjukgjeringa.

Joda, soldatane og offiserane som nekta å delta i undertrykkinga er gode folk og har gjort ei god gjerning. Men eg er redd for at ho vil bli brukt til å skapa gode kjensler hjå støttespelarane til Israel, til å legitimera apartheidstrukturen. Dei tapre orda blir allereie brukt til støtte for ”unilateral separasjon”, eit kodeord for å gjerda inn palestinarane i ei stor, godt vakta sone. Ein kan ikkje endra grunnlaget for den jødiske staten, grunnlaget for undertrykkinga og apartheid frå innsida. I boka til Raspe lyfte Baron Münchausen seg sjølv og hesten sin opp frå myrholet ved å dra seg sjølv etter hårfletta. Om du trur på denne historia, kan du òg tru på at dei gode folka kan endra det israelske samfunnet utan å sameina kreftene sine med palestinarane.

Staten Israel

Ei mykje betre løysing vart sett fram av den religiøse, jødiske forsamlinga Neturei Karta, sønene til det førsionistiske jødiske samfunnet i det heilage landet. Dei har vorte mishandla mesta like mykje som andre av dei opphavlege sønene til Palestina, fyrst og fremst på grunn av at dei sta nekta å delta i brotsverka til sionistane. Desse vise mennene i store, svarte hattar – som onkelen min frå Tiberias, ein fredfull og trugen rabbi, minner meg om at jødane ein gong levde som gode naboar saman med palestinarane. I ein kjensleladd appell seier dei: ”Kjerna i problemet er eksistensen til den ”jødiske” staten. Den einaste realistiske vona om varig fred er at ein med hjelp frå FN oppløyser den israelske staten og gjev suvereniteten tilbake til ikkje-jødar.

Ein gong spurde Stalin spøkefullt: Kor mange bataljonar kan paven senda til fronten? Likevel såg ein pave at Sovjetunionen vart oppløyst. Neturei Karta-jødar har ingen bataljonar, likevel trur eg dei vil sjå staten Israel oppløyst. I staden for han vil eit nytt Palestina koma, med plass for alle søner og døtrer av landet.



Omsett av Hans Olav Brendberg og Ingar Arnøy